Washington, D.C.

Washington, D.C. er hovudstaden i USA. Nemninga består eigentleg av to delar: Washington (ein by) og District of Columbia (eit føderalt distrikt). Distriktet vert styrt av den amerikanske Kongressen, som har delegert ein del makt til styresmaktene i byen. Washington er oppkalla etter den fyrste presidenten i USA, George Washington. Byen vart offisielt hovudstad i 1800. Washington sine innbyggjarar kan stemme ved presidentval, jamfør det 23. grunnlovstillegget, men er berre representerte i Kongressen av ein delegat utan stemmerett i Representantane sitt hus. Dei har ikkje representasjon i Senatet. Byen sine lokale myndigheiter består av ein vald borgarmeister og eit bystyre. Lokale avgjersler vert likevel ikkje så sjeldsynt tilsidesette av den føderale kongressen. Washington har 572 059 innbyggjarar (2000). Byen inneheld nokre av USA sine mest berømte bygg, slik som Det kvite huset og Kongressbygningen.


Developed by StudentB